top of page

Ilka skytehall er under oppføring!


Dovre og Dovreskog Skytterlag kjøpte i 2024 Rudikretsen Grendahus, og er no i full gang med å etablere ein moderne innandørs skytebane der. Målet er ferdigstillelse til vintersesongen 2025/2026.

 

Sidan laget mistet sin tidlegare innandørsbane i 2015 – etter å ha halde til i kjellaren på Dovreskogen Gjestegard i nesten 18 år frå 1997 – har jakta på eit nytt eigna lokale vore høgt prioritert. Innandørs skyting er eit grunnleggjande tilbod for skyttarlaget, og difor ei viktig satsing for framtida.

 

Hausten 2023 bestemte Rudikretsen Grendahus SA seg for å avvikle aktiviteten som forsamlingshus på grunn av dårleg økonomi og lite oppslutning. Då såg skytterlaget sitt høve – og historia til Ilka Skytehall tok til. Skyttarlaget kom raskt på banen og overtok bygget og tomta, med mål om å skape eit framtidsretta skyteanlegg og samstundes ta vare på og vedlikehalde det tradisjonsrike grendahuset.

 

Rudikretsen Grendahus ligg sentralt mellom Dovreskogen og Dovre, rett ved E6 på Ilka. Det er gang- og sykkelveg heilt fram frå Dovre sentrum, og berre tre kilometer til skyttarlaget sitt utandørsanlegg. Eigedomen har mange av fasilitetane laget treng, og er difor eit ideelt utgangspunkt for å etablere eit moderne skyteanlegg.

 

Skyttarlaget ønskjer at grendahuset skal vere eit fleirbrukshus – eit levande samlingspunkt for bygda. Lokalet skal framleis kunne leigast ut til møte, øvingar, mindre selskap, barnebursdagar og andre arrangement. På den måten blir det eit fint supplement til samfunnshuset på Dovre og Skogvang.

 

Prosjektet har som mål å etablere eit nytt og moderne 15-meters innandørs skyteanlegg med sju baner, i tillegg til ei generell opprusting av lokala og eit påbygg på om lag 40 kvadratmeter. Det skal gjerast fleire nødvendige tilpassingar for å sikre eit praktisk og forskriftsmessig bygg.

 

For skytterlaget betyr Ilka Skytehall at dei endeleg kan oppretthalde drift året rundt. Hallen blir ein viktig sosial arena – ein stad å møtast, skape nye bekjentskapar, og for dei som vil satse vidare, ein plass å utvikle eigne ferdigheiter.

 

– Vi ynskjer å vera eit lag der medlemmane kjenner at deira stemme tel, og har som mål at kvar einaste deltakar skal kjenne på meistringsglede. Vårt mål er å bringe vår lidenskap for skytesporten til alle. Gjennom inkluderande initiativ og utlån av utstyr, ynskjer vi å bane veg for nye utøvarar, uavhengig av dugleiksnivå. Prosjektet Dovre og Dovreskog skyttarlag oppfyller ikkje berre våre eigne draumar, men utviklar også breiddeidretten i Dovre, Sel og andre bygder.

 

Ilka Skytehall er eitt av dei viktigaste prosjekta i skytterlaget si nyare historie – eit stort steg for rekruttering, mangfald og eit rikt fritids- og idrettstilbod i Dovre og omegn.

 

Med stor dugnadsånd, rause sponsorar og ikkje minst støtte frå Sparebankstiftelsen DNB, har prosjektet blitt mogleg. For dette er skytterlaget djupt takknemleg.


-Publisert av Erlend Haugstulen



 
 
 

Kommentarer


DD logo uten ramme.png
Dovre og Dovreskog skytterlag

Utendørs anlegg: Burmavegen 332, 2663 Dovreskogen

Ilka skytehall: Burmavegen 648, 2662 Dovre

Kontakt: dovre-dovreskog@skytterlag.no

Adresse: co/Nerøygardsvegen 76, 2672 Sel

© 2025 av Dovre og Dovreskog skytterlag

bottom of page